
Velkomen i Ulsteinbadet
Her finn du 25-metersbasseng, stupetårn med 1-, 3- og 5-meter, to sklier, varmtbasseng, barnebasseng, jacuzzi inne og ute, badstu og kafeteria.
Ulsteinbadet er ope for alle på ettermiddagar og i helgar - og tysdag og fredag er her morgonsymjing. På dagtid vert Ulsteinbadet nytta til symjeopplæring i skulen. Sjå opningstider for Ulsteinbadet lenger nede på sida - eller sjekk opningstider for alle arenaene her.
Terapibadet/varmtbassenget vert også leigd ut til grupper og kurs. Finn opningstider her.
I skuleferiane har vi utvida opningstider.

Morgonbading
Tysdagar og fredagar opnar vi Ulsteinbadet kl 06.30-08.00 (gjeld ikkje i skuleferiar) for deg som vil starte dagen med ei symjeøkt.
