
Bursdagsfeiring i Ulsteinbadet
Har du lyst å feire bursdagen din i Ulsteinbadet? Vi legg til rette for bading, mat og noko søtt!
Barnebursdag kan arrangerast tysdag, onsdag og fredag. Bursdagspakken vår inkluderer inngong til Ulsteinbadet (inntil 2 timar), ei valfri brus, eit pizzastykke og ein valfri is.
Barneselskap bestillast på e-post til ulsteinbadet@ulstein.kommune.no ei veke på førehand, med antall gjestar. Atterhald om kapasitet.
Prisar på barnebursdag pr born:
Inkl pizza, brus og is › Kr 200,-
Berre is og brus › Kr 160,-
Utan mat › Kr 110,-
Praktisk informasjon
Selskapet startar i tørrkafeen med mat, før bading og innlagt ispause undervegs.
For grupper større enn 16 stk har vi ikkje plass til å servere mat i forkant, men de kan sjølvsagt feire dagen med brus og is i bassenget.
Foreldra til bursdagsbarnet får gratis inngong til badet.
Borna må vere symjedyktige eller ha fylgje med ein vaksen i basseng.
Det er ikkje høve til å ha med medbrakt mat.
Vi har glutenfri meny, ta kontakt med oss for nærare avtale.
Dagar for barnebursdag: tysdag, onsdag og fredag (ingen selskap i feriane).

Gåvekort
Du kan kjøpe gåvekort både til Ulsteinbadet og Sjøborg kulturhus og kino i kafeen ved Ulstein Arena. Du vel sjølv beløp. Gåvekortet er gyldig i eit år frå kjøpsdato.
Gåvekort til Sjøborg kulturhus og kino kan også kjøpast (og brukast) på nett via sjoborg.no.