Fritid for alle

Kulturavdelinga i Ulstein inviterer til open dag i Ulstein Arena, og inviterer lag og organisasjonar til å bli med å presentere seg med eigen stand i Idrettshallen i Ulstein Arena.

Ulsteinbadet har også ope, og det blir lesestund og aktivitetar i Ulstein bibliotek.

Alle lag og organisasjonar som ynskjer å vere med, får tildelt eit bord. Kvar enkelt lag ordnar med materiale til presentasjon.

Meld på ditt lag/organisasjon i dag, på skjema: https://forms.office.com/e/X9bH37jebA
Påmeldingsfrist: 3. januar 2025.

Vi tek kontakt med dei påmelde for meir detaljar.

Foto: Per Eide

Neste
Neste

Gratis familiebading